Barneidrett 11-12 år
Hovudfokuset for aldersgruppa bør liggje på vidareutvikling av dei grunnleggande ferdigheitene, samt å gi moglegheit til å finjustere teknikkar og utforske meir avanserte sider ved idretten. Det er viktig å oppretthalde ein balanse mellom konkurranse og moro, og det bør framleis vere eit sterkt fokus på deltaking og personleg utvikling.
På trening
På trening skal barna ha det sosialt, kjenne seg trygge, ønskje å prøve nye ting og ikkje vere redde for å feile.
• Barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting.
• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for utvikling av venskap og solidaritet.
• Barn har rett til å velje kva idrett, eller kor mange idrettar, dei vil delta i. Dei bestemmer sjølve kor mykje dei vil trene.
• Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå.
• Alle barn har rett til å delta i idrett uavhengig av familiens økonomi eller engasjement. Barn har rett til å vere i eit inkluderande idrettsmiljø utan utstyrs- eller kostnadspress.
• Barn har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal òg ha moglegheiter for variasjon, øving og samspel med andre.
• Barn har rett til å velje om dei vil delta i konkurransar eller ikkje.
På konkurranse
Bestemmingar om barneidrett regulerer konkurransar i barneidretten. Ei av intensjonane er å redusere tid og kostnader knytt til reise til/frå aktivitet. Idrettslag blir difor oppmoda til å følgje dei same prinsippa for trening og andre aktivitetar i barneidretten.
• Barn frå 11 år kan delta i nasjonale konkurransar.
• Det kan brukast resultatlister i konkurransar for barn frå det året dei fyller 11 år, dersom det er formålstenleg.
• Alle skal få lik premie til og med det året dei fyller 12 år.
• Frå det året dei fyller 11 år kan det i tillegg delast ut premiar etter rangering (t.d. gull, sølv og bronse).
• Det skal ikkje vere kvalifisering til nokon konkurransar i aldersgruppa 11–12 år. Alle konkurransar skal vere med open påmelding i desse klassane.
• Finalar er ei form for kvalifisering. Det skal ikkje vere finalar under konkurransar for barn i aldersgruppa 11–12 år.
Dersom ein ynskjer å invitere til konkurransehelg med fleire aldersklassar (t.d. både lokal (6–8 år), regional (9–10 år) og nasjonal konkurranse (frå 11 år)) – må desse konkurransane gjennomførast kvar for seg.