Korleis søkjer eg om politiattest?
Har du digital postkasse i Digipost, kan du dele politiattesten direkte frå den og sleppe å vise fram attesten fysisk. Søk og vis fram politiattesten ved å følgje stega under;
Steg 1 Samtykke til forenkla søknad om politiattest
Over 18 år:
Samtykk til at idrettslaget kan hente inn og sende fødselsnummeret ditt, rolla di og føremålet til politiet. Dette gjer prosessen enklare – du slepp å laste opp andre dokument i etterkant og kan søkje direkte hos politiet etter at du har samtykt her i Min idrett.
Fullfør oppgåva om å samtykkje via lenkja du får på e-post, eller finn ho på framsida av Min idrett under Oppgåver og Varsel. Når samtykket er gitt, går du vidare til steg 2.
Mellom 15 og 18 år:
Er du mellom 15 og 18 år, må òg ein føresett samtykkje til at idrettslaget kan hente inn og sende personopplysningane dine til politiet, og stadfeste at du kan søkje om politiattest.
Slik gjer du/dokke det:
- E-post med instruksjonar: Du eller føresett får ein e-post med rettleiing om samtykke. Dersom føresett ikkje er knytt til deg i Min idrett, får de òg informasjon på e-post om korleis de opprettar familierelasjon.
- Opprett familierelasjon (om nødvendig): Føresett må ha brukar i Min idrett, eller registrere ein brukar (Idretten ID), og de må opprette ein familierelasjon. For meir informasjon, sjå sida for Spørsmål og svar.
- Føresett gjev samtykke: Når familierelasjonen er på plass, loggar føresett inn i Min idrett. Under Oppgåver på framsida finn dei lenkja for å gje samtykke.
- Du gjev samtykke: Etter at føresett har samtykt, får du ein e-post og ei oppgåve i Min idrett med lenkje til å gje ditt samtykke.
- Start søknad: Når begge har samtykt, blir knappen «Start søknad» aktiv. Du kan då søkje om politiattest direkte hos politiet.
Steg 2 Fullfør søknaden på politiet sine nettsider
Når du har samtykt, vel «Start søknad». Fullfør søknaden på politiet sine nettsider ved å følgje dei oppgitte instruksjonane. Du kan følgje status på søknaden på politiet sine sider.
NB: Fullfør søknaden innan 4 veker på politiet sine sider etter at du har samtykt og starta søknad frå Min idrett.
Viktig: Hugs å ikkje huke av for digital postreservasjon, då du ønskjer å ta imot og dele søknaden digitalt, så du slepp å møte opp fysisk for å overlevere attesten til politiansvarleg i idrettslaget. Når politiet har behandla søknaden, får du attesten i Digipost. Del den med politiattestansvarleg i idrettslaget via delingsførespurnaden merka «Førespurnad om deling av politiattest».
Steg 3 Frå Digipost: Del politiattesten med STIL
Du får førespurnad om deling av politiattesten før du har motteke attesten frå politiet. Når du får attesten, opne meldinga «Førespurnad om deling av politiattest», og trykk på «Del dokument». Del berre den siste attesten du har søkt om, ikkje tidlegare attestar (ikkje eldre enn 5 månader) eller ein kopi om du får dette frå politiet.
Viktig: For å dele attesten enkelt og trygt med idrettslaget, bruk delingsførespurnaden. Ikkje last opp attesten i ei ny melding.
Før du deler attesten, ta stilling til følgjande:
- Utan merknad: Del attesten sikkert med politiattestansvarleg ved å trykkje på «Del dokument» i Digipost. Du kan seinare trekkje samtykket i Digipost ved å trykkje på «Avbryt deling», men då må attesten visast fysisk.
- Med merknad: Ikkje del attesten. Takka «nei» til rolla ved å klikke på søppelkasseikonet ved sida av rolla under behandling i Roller og verv.
Steg 4 Godkjenning av rolla
Når du har delt attesten digitalt, treng du ikkje vise ho fysisk. Politiattestansvarleg registrerer attesten, og rolla di blir sendt til godkjenning hos idrettslaget. Når godkjenninga er fullført, vil rolla di visast under «Mi side», «Roller og verv» og «Aktive roller», og du kan starte i di nye rolle i idretten.
Om du ikkje har ei digipost-avtale, må søknadsprosessen gjerast på tradisjonelt vis:
- Få ei formålsstadfesting frå idrettslaget. Denne må fyllast ut av politiattestansvarleg, og stadfestinga skal leggast ved søknaden på politiet sine nettsider. Stadfestinga som skal fyllast ut, finn du her.
- Når søknaden er handsama, blir politiattesten sendt til deg. Dersom attesten er utan merknad, skal denne visast fram for politiattestansvarleg i idrettslaget. Framvising bør skje fysisk, med mindre idrettslaget har ei trygg digital løysing for framvising. Er attesten utan merknader, vil politiattestansvarleg registrere at du har vist fram ein gyldig attest, men sjølve attesten behold du.
- Er du under 18 år, må du òg leggje ved eit dokument frå føresette som stadfestar at dei er informerte om søknaden. Dette gjeld alltid når søkjaren er under 18 år, uavhengig av om du brukar idretten si digitale politiattestteneste eller søkjer på tradisjonelt vis. Denne stadfestinga finn du på politiet sine nettsider.