[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

STIL Fotball er med i pilotprosjektet Kvalitetsklubb+

Etter ti år med utvikling og gode erfaringar frå Kvalitetsklubb-konseptet, tek Norges Fotballforbund (NFF) no neste steg: Kvalitetsklubb+ – og STIL Fotball er stolte over å vere med!

Eit løft for framtidas klubbdrift

Kvalitetsklubb+ er eit nytt pilotprosjekt for klubbar som ønskjer å vidareutvikle seg utover dagens standard. Dette er eit tilbod for klubbar med høge ambisjonar – både på bana og i lokalsamfunnet – og som vil bidra til å forme korleis norsk fotball skal utvikle seg framover.

Gjennom det ordinære Kvalitetsklubb-arbeidet har STIL Fotball bygd opp gode strukturar, profesjonell drift og auka kompetanse i heile organisasjonen. No ser vi fram til å ta nye steg med Kvalitetsklubb+, saman med over 35 andre klubbar i Noreg.

Kva inneber Kvalitetsklubb+?

I løpet av 2025 og 2026 deltek STIL Fotball i utprøvinga av nye krav og tiltak innan tre sentrale område:

  • Jenter og kvinner i fotballen
  • Samarbeid for eit betre lokalsamfunn
  • Spelar- og trenarutvikling

Som pilotklubb skal vi vere med på å teste ut, utvikle og evaluere nye løysingar og arbeidsmåtar. Erfaringane frå piloten vil danne grunnlag for korleis Kvalitetsklubb+ kan rullast ut nasjonalt frå 2027.

Døme på tiltak i prosjektet

Tiltaka vi jobbar med strekkjer seg lenger enn det som krevst i dagens Kvalitetsklubb, og omfattar mellom anna:

  • Berekraftstrategiar og meir miljøvenlege arrangement
  • Auka kvinneandel i sportsleg leiing og trenarrollar
  • Eige ansvar for utvikling av jentefotballen
  • Årlege trenarforum med fokus på jentefotball
  • Tiltak for inkludering og lågterskelaktivitetar
  • Kompetansedeling og samarbeid med andre klubbar

Alt dette skal bidra til å gjere STIL Fotball endå sterkare, meir inkluderande og betre rusta til å spele ei viktig rolle i lokalsamfunnet vårt.

Samarbeid og støtte

Vi får tett oppfølging frå både Sogn og Fjordane Fotballkrets og NFF sentralt, og får tilgang til eit eige utviklingsfond for å gjennomføre tiltak vi har forplikta oss til.

Kvifor dette er viktig for STIL

For oss i STIL Fotball handlar dette om meir enn utvikling på bana – det handlar om å ta ansvar for heile klubben og nærmiljøet vårt. Vi ønskjer å skape gode opplevingar for alle som vil vere med, og Kvalitetsklubb+ gir oss verktøya og rammene vi treng for å lukkast med det.