Enivest IFO
God start for damelaget
Forfatter: Administrasjonen
24. februar 2026
Fotball
4-2 siger
Damelaget har no spelt sin første treningskamp. Kampen gjekk i Skeihallen mot Jølster G13/14, og vart ein fin gjennomkøyring tidleg i samarbeidet.
Det vart spela 3 x 30 minutt, og kampen enda med 4–2-siger. Anne Neerland scora tre mål, medan Gunnhild Viken Bakke stod for eitt.
- Det viktigaste var likevel å få minutt i beina og jobbe vidare med relasjonar og samspel, forklarar hovudtrenar Jan Asle Rustøen. Jentene viste god innsats og mykje bra spel mot eit godt og energisk guttelag. Ein nyttig test, og eit fint steg vidare i oppkøyringa, seier Jan Asle.