Ekstra treningstilbod 12-14 år
Forfatter: Administrasjonen
18. september 2025
Ekstra treningstilbod 12-14 år
STIL Fotball startar opp eit nytt ekstratilbod for spelarar i alderen 12–14 år. Dette er ei unik moglegheit for ivrige spelarar som ønskjer å utvikle seg vidare og få ekstra trening utover dei vanlege lagsøktene.
Foto: Rune Sjøberg
Tid:
1 økt per veke (90 min) frå 21. september – 2. november (søndagar)
Kl: 18:00 – 19:30 på kunsten.
Trenarar:
Filip Mardal
Håvard Hetle
Pris:
500 kr per deltakar (gjeld for heile perioden)
Om tilbodet:
Øktene vil ha fokus på individuell utvikling. Vi skal jobbe med teknikk, ferdigheiter og meistring for å gjere kvar spelar betre.
Kven passar dette for?
Tilbodet er ope for alle som ønskjer å vere med, men vi understrekar at det er særleg retta mot spelarar som er:
· Ivrige og motiverte for å lære
· Konsentrerte og læringsvillige på trening
· Har lyst til å utvikle eigne ferdigheiter
Påmelding (16 plassar) førstemann til mølla!
https://club.spond.com/landing/courses/sandanetil/5B8105BA988643229A0B9B78EEF1B02F
Vi har sett av to inkluderingsplassar for deltakarar som treng økonomisk støtte. Du kan søke om å få deltakaravgifta dekka ved å sende ein e-post til [email protected].