Pilot for «Kvalitetsklubb+» og STIL Fotball er med!
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
01. juli 2025

Pilot for «Kvalitetsklubb+» og STIL Fotball er med!
Les fullstendig artikkel på fotball.no
Fotball-Noreg får no ei ny moglegheit til å styrke klubbdrifta! Frå mai 2025 går NFF i gang med piloten for Kvalitetsklubb+, eit vidareføre tiltak for klubbar som allereie har gjennomført grunnmodulen, «Kvalitetsklubb nivå 1» og vi i STIL Fotball er valt ut til å bli med i piloten. Målet? Å ta neste steg i breie utviklingsløp og skape varig kvalitet i klubbane.
- Vi ser på deltakinga i Kvalitetsklubb+ som ei tillitserklæring – at vi får vere med i prosjektet er ei flott anerkjenning av arbeidet vi allereie gjer, og ei spennande moglegheit for vidare utvikling. For oss handlar det ikkje berre om fotball – det handlar om folk. STIL Fotball skal vere ein klubb for alle, og vi ønskjer å vere med på å skape eit levande lokalsamfunn der det er plass til både leik og meistring, utvikling og ambisjonar – og ikkje minst: tilhøyrsle. Gjennom Kvalitetsklubb+ får vi gode verktøy til å strukturere og forsterke det vi jobbar med – både organisatorisk, sportsleg og å skape ein klubbkultur der fellesskap, like moglegheiter og lokalt engasjement står sterkt, sier dagleg leiar, Maria Karin Dalsbø.