Praksis i STIL
Forfatter: Adminstrasjonen
26. september 2025
Praksis i STIL
Denne veka har vi vore i praksis i Sandane Turn og Idrettslag. Vi har fått innsyn i kvardagen til Maria Karin Dalsbø (dagleg ledar) og Jonas Denk (sportsleg ledar). Veka har vore spennande, variert og innhaldsrik. Vi har fått vore med på blant anna idrettsfritidsordninga til STIL, møte med NFF, observert trenerkurs og prøvd oss som fotballtrenarar sjølve. Vi har også fått litt innsyn i det administrative i STIL, og ansvar for å hjelpe til med SoMe. Maria og Jonas har teke oss godt imot, og lært oss mykje om korleis det er å være ansett i eit idrettslag. Alt i alt har vi ei utruleg kjekk og innhaldsrik veke her i STIL, og er veldig glade for å ha fått moglegheita til å være i praksis her.
Emma Gloppestad og Laila Therese Bjørnarheim