[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?

Forfatter: Adminstrasjonen

18. september 2025

Fotball
News article image

Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?

No har du sjansen til å løfte fram det gode arbeidet som blir gjort i ditt lag! Vi oppmodar alle trenarar, lagleiarar og foreldre til å nominere det laget dei meiner fortener Årets Fair Play-pris i STIL Fotball.

Frist for innsending: Torsdag 2. oktober kl. 19:00

Send nominasjonen til: [email protected]

 

Kva kjenneteiknar eit Fair Play-lag?

Eit lag som:

  • Skapar tryggleik og inkludering for alle spelarar
  • Gir rom for ulikheiter i føresetnader og ferdigheitsnivå
  • Bidreg til gode og trygge kampar med respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum
  • Handterer utfordringar på trening og i kamp på ein konstruktiv måte

Du treng ikkje oppfylle alle punkta – det viktigaste er å vise fram det gode arbeidet som blir gjort!

 

Premie:

Vinnarlaget får ein pizza-kveld og prisen blir delt ut i pausen på damelaget sin A-lagskamp mellom Sandane - Selje/Åheim fredag 3. oktober 2025.

 

Nytt høvet til å løfte fram det positive – kven vil du nominere?