Kven blir Årets STIL-humle 2025?
Forfatter: Adminstrasjonen
02. oktober 2025
Kven blir Årets STIL-humle 2025?
Årets STIL-humle går til ein person som har lagt ned ein uvurderleg innsats for STIL Fotball i 2025. Prisen skal heidre ein frivillig som gjennom arbeidet sitt har vist ekte engasjement, skapt fellesskap og bidrege til å gjere klubben til ein god stad å vere.
Nominasjonsperioden varer fram til 15. oktober, der både klubb, føresette og andre kan vere med og nominere årets frivillige i STIL Fotball – til tittelen Årets STIL-humle.
Vurderingskriterium:
- Frivillig innsats – har lagt ned betydelig tid og arbeid for klubben
- Positiv rollemodell – viser gode haldningar og bidreg til å byggje miljø
- Betydning for fellesskapet – gjer ein merkbar forskjell
Lenke til nominasjonsskjema:
Vinnaren blir kåra av juryen, og prisen – eit gåvekort på 3000 kr – blir delt ut i pausen på siste A-lagskamp for herrar, laurdag 18. oktober.
Bli med og nominer den du meiner fortener å bli Årets STIL-humle 2025!