[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jenter 11 vart kåra til Årets Fair Play-lag i STIL Fotball 2025

Forfatter: Adminstrasjonen

09. oktober 2025

Fotball
News article image

Jenter 11 vart kåra til Årets Fair Play-lag i STIL Fotball 2025

Eit lag med respekt og samhald

Fredag 3. oktober vart Jenter 11 (J 2014) heidra med STIL Fotball sin Fair Play-prisen for 2025 under damelaget sin A-lagskamp. Premien var ein velfortent pizza-kveld, og juryen har bestått av Fair Play-ansvarleg Ragnhild Gundersen, sportsleg leiar Jonas Denk og treningsveileiar Margot Meling Nesgård.

Prisen er ei anerkjenning av jentene si sterke utvikling innan inkludering, respekt og samhald – både på og utanfor bana. Frå å vere individualistar har dei blitt ei samansveisa og støttande gruppe som heiar på kvarandre og viser stor idrettsglede.

 

Fair Play – å spele med hjartet

Fair Play handlar om å spele med respekt, inkludering og god oppførsel – både på og utanfor bana. Det betyr å respektere motspelarar, dommarar og medspelarar, og å bidra til eit trygt og positivt miljø for alle.

STIL Jenter 11 har vist at dei tek desse verdiane på alvor. Gjennom song, dans, støtte og vennskap har dei skapt eit lag der alle får vere med, og der idretten blir ein arena for utvikling og glede. Dei har lært seg å takle motgang, finne strategiar når ting buttar imot, og å vere bevisste på korleis dei opptrer – både som enkeltspelarar og som lag.

 

Lagsapparatet – hjartet i utviklinga

Bak den imponerande utviklinga står eit engasjert og målretta lagsapparat. Trenarar og støtteapparat har lagt ned ein enorm innsats og er verkeleg til inspirasjon. Gjennom arbeid med haldningar, samspel og sosiale tiltak har dei bygd ein kultur der Fair Play-verdiar står sterkt.

Tiltak som kveldsmat etter trening, treningsleir, gruppearbeid og fellesarrangement har styrka samhaldet. Laget har til og med laga sin eigen lagsong (Høyr her: STIL jenter fødd i 2014), som blir spelt før kampane for å skape stemning og fellesskap.

I løpet av året har fleire nye jenter starta på fotball, og laget har vakse til ein stor og samansveisa gjeng med 16 spelarar. Det er tydeleg at dette er ein god plass å vere – eit lag der alle blir sett, inkludert og får vere med.

 

Vennskap på tvers av kommunegrenser

Eit særleg sterkt band har utvikla seg mellom STIL-jentene og jentelaget frå Stryn. For andre året på rad har sesongen blitt avslutta med heimekamp mot Stryn, etterfølgd av kveldsmat og sosial samling.

I år rigga dei til med ekte kampstemning: innmarsj, bluss og høgtideleg ramme rundt kampen – i ekte STIL-ånd. Etter kampen samla laga seg til felles kveldsmat i klubbhuset – ein fin tradisjon som har styrka vennskapet mellom spelarar og trenarar på tvers av kommunegrenser.

Konklusjonen etter årets kveldsmat er klar: Til våren planlegg STIL og Stryn ei felles treningshelg i Stryn – eit tiltak som vil styrke samhaldet og utviklinga vidare.

 

Gratulerer til STIL Jenter 11!

De er eit strålande døme på korleis idretten kan vere ein arena for vennskap, respekt og ekte idrettsglede. Fair Play-prisen 2025 er vel fortent – og vi gler oss til å følgje dykk vidare!

Lagsapparatet: May-Britt Sægrov, Janne A. Hjelmeset, Eva Cayuksuk, Irene Svidal og Anna Elisabeth Mardal

Spelerar: Abigail Nyemah, Adine Hersi Hjellbakk, Anna Gimmestad Ryssdal, Ea Anouk Nyhammer, Eva Ingeborg Andenæs Valseth, Frida Mardal Fuglestrand, Julie Akse Hjelmeset, Julie Nerhus Eide, Lily Svidal-Sande, Linnea Kandal-Trolldalen, Mari Sægrov Djupvik, Marion Elvebakk, Najwa Safdari, Sara Hestenes Lystad, Synne Heggheim og Weam Taha. 

Custom image